Har brei kompetanse innan lydprogramvare på alle platformer. Vidare driv eg med tekniske løysingar for streaming av lyd/video, samspel på nettet og andre webrelaterte multimediateknologiar. Har også god kjennskap til oppsett og drifting av websider.
På fritida er eg ein engasjert brukar av GNU/Linux og anna Fri Programvare. Hovudfeltet er lyd og media, med sentrum i lydplatforma Jack Audio Connection Kit.
Har gjennom utdanninga mi ved UiB fått kompetanse til å utvikle programvare. Dette har eg brukt i alt frå webprosjekt, til fiksing av bugs i programvare eg bruker sjølv.
Funky Fourier var prosjektoppgåve i to ulike kurs ved UiB, og eg har seinare vidareutvikla programmet på privat basis. Programmet gjev ei spektrogramvisualisering av lydbølger, og kan i tillegg redigere lyden og fjerne støy. Det er planen å lansere det under ein Fri Programvare lisens når dei mest fundamentale funksjonane (m.a undo) er implementert.
Utforming av brukargrensesnittet til Rytmoramas trommeboks. Dette vart gjort i språket Java, med lydmodul JSyn og serverprogramvare Transjam.